What If av Dixie Dregs
What If Studioalbum av Dixie Dregs | ||
Utgjeve | Mars 1978 | |
Innspelt | 1978 | |
Studio | Chateau Recorders | |
Sjanger | Jazzfusion, instrumental rock | |
Lengd | 39:46 | |
Selskap | Capricorn | |
Produsent | Ken Scott | |
Dixie Dregs-kronologi | ||
---|---|---|
Free Fall (1977) |
What If | Night of the Living Dregs (1979)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Rolling Stone Jazz Record Guide | [2] |
What If er det tredje studioalbumet til det amerikanske jazzfusionbandet Dixie Dregs, gjeve ut i 1978.
Stilen deira på albumet kan minne om jazzfusion-stilen Jeff Beck og The Mahavishnu Orchestra på denne tida, men sjølv om musikken deira er full av jazz-aktige improvisasjonar og haldninga til tungrock, brukte bandet òg element av country, folk og klassisk musikk.[1]
Allmusic skreiv om albumet: «Dei sterkaste augneblinka på What If er Morse-songane som har blanda inn folkemusikk, som den nesten reine countrykomposisjonen 'Gina Lola Breakdown'. Imponerande er òg det einaste sporet West skreiv, 'Travel Tunes'. Denne songen lever opp til namnet sitt ved å flytte mellom melodiar som tilsynelatande kjem frå britiske folkemusikk, kvasse fusion-rytmar, eit karibisk-aktig mellomspel og streit rock and roll. At Dixie Dregs gjer dette syner kor kreative dei er, og at det fungerer syner kor dugande musikarar dei er. Musikken er utan merkelappar - full av kjensler og logikk på same tid og lidenskapleg utført. Det er verdt kvar krone.»[1]
Opningssporet, «Take It Off the Top», vart nytta som kjenningsmelodi for Friday Rock Show som gjekk på BBC Radio frå 1978 til 1993.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Take It Off the Top» | Steve Morse | 4:07 |
2. | «Odyssey» | Morse | 7:35 |
3. | «What If» | Morse | 5:01 |
4. | «Travel Tunes» | Andy West | 4:34 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Ice Cakes» | Morse | 4:39 |
6. | «Little Kids» | Morse | 2:03 |
7. | «Gina Lola Breakdown» | Morse, T. Lyndon | 4:00 |
8. | «Night Meets Light» | Morse | 7:47 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Steve Morse – gitar, banjo
- Mark Parrish – klaverinstrument
- Allen Sloan – fiolin, bratsj
- Andy West – bassgitar
- Rod Morgenstein – trommer, vokal
Teknisk
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «What If (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Gioffre, Daniel (2011). «What If - The Dixie Dregs | AllMusic». allmusic.com. Henta 12. desember 2020.
- ↑ Swenson, J., red. (1985). The Rolling Stone Jazz Record Guide. USA: Random House/Rolling Stone. s. 62. ISBN 0-394-72643-X.
- ↑ «What If». Discogs.com. Henta 17. desember 2016.